Syner til innlegg frå listekandidat Nils Henry Fosstuen publisert i Fjuken 23.08.23 der han stiller nokre spørsmål til innlegget frå styret i Skjåk Energi.

Sal eller fusjon

Når ein starta prosessen i fjor haust ønskte ein å ha med sal i vedtaket for å kunne vurdere eventuelle tilbod breiare. No er vi komne vidare i prosessen og det er ei tydeleg oppfatning om at det er fusjon/samanslåing, der Skjåk får sin eigarrepresentasjon ivaretatt på best mogleg måte, som er alternativet som må vurderast opp mot å drive vidare på eigne bein. Ser etterpå at vi på dette punktet kunne vore meir presise i det førre innlegget.

Framtidig forutsigbar inntening for eigar og rimeleg og forutsigbar kraftpris

Ingen kan gje evigvarande garantiar for noko av dette verken ved ein fusjon eller ved å drive vidare for seg sjølv. Formelt sett har ein leverandør av straum høve til å differensiere kraftprisen etter geografi innan sitt konsesjonsområde. Poenget er at ein gjennom forhandlingar i den prosessen vi er midt inne i prøver å oppnå best moglege vilkår for Skjåk. Når ein har eit konkret forhandlingsresultat, ønskjer styret å vurdere dette opp mot alternativet med å drive vidare for seg sjølv. Også det alternativet har eit framtidig risikobilete som må sjåast opp mot dei moglegheitene det gjev.

Tidspunkt for informasjon

I styremøte i Skjåk Energi måndag 21.08 var det underteikna som på eige initiativ spurde resten av styret om det kunne vere behov for å gå ut med litt informasjon sett i ljos av debatten som har gått i media siste vekene. Resten av styret var samde i dette.

Meir informasjon

Vi meiner at vi gjennom pressemelding og orienteringar i kommunestyret har informert fortløpande om det som er mogleg å informere om på dette stadiet i prosessen. Meir konkret vil det ikkje vere mogleg å vere før forhandlingane er sluttført.

Strekar på nytt under at dei verdfulle vasskraftressursane som bygda har og som ligg i Skjåk Vasskraft AS ikkje er ein del av prosessen.

Avslutningsvis minner vi også om at dette er ein prosess der ingen av oss som er involvert har eigeninteresser og alle har som mål å gjere det som er best for Skjåksamfunnet. Når vi har eit konkret forhandlingsresultat blir det ein diskusjon om kva som er det rette vegvalet og det er eit utfordrande og komplisert spørsmål. Sidan dette handlar om framtida, trur eg ingen kjem til å vere skråsikre når styret skal kome med si tilråding til kommunestyret/generalforsamlinga i Skjåk Energi. Endeleg handsaming og avgjerd vil skje der.