I energibransjen har det dei siste åra vore store endringar og utfordringar og krava som blir stilt til små og mellomstore selskap blir større og større. Som resultat av dette har vi nasjonalt dei siste åra sett mange samanslåingar av energiselskap, nettopp for å møte desse utfordringane og krava som blir stilt. Nettselskapet i Skjåk, SkiakerNett, er i dag blant dei minste selskapa i landet.

På bakgrunn av eit grundig forarbeid vedtok generalforsamlinga i Skjåk Energi, som er kommunestyret i Skjåk, i november 2022 at det skulle startast opp ein prosess der ein ønskjer å sjå på kva ein kan oppnå ved ei samanslåing, altså ikkje sal, av delar av verksemda med ein annan aktør.

Det blir presisert at verdiane som er knytt til produksjon av elektrisk straum som ligg i Skjåk Vasskraft AS og konsesjonskrafta blir halde utanfor prosessen.

Prosessen som er starta har som mål å sikre framtidig, forutsigbar inntening for eigar, sikre rimeleg og forutsigbar kraftpris til innbyggjarane og næringslivet i Skjåk samt sikre dei tilsette i Skjåk Energi. Prosessen går i tråd med vedteken plan og kommunestyret er løpande informert om framdrift og status.

Det blir streka under at det er ein prosess som er starta og at ei endeleg avgjerd om ei eventuell samanslåing er noko som blir gjort seinare på bakgrunn av kva ein gjennom forhandlingar oppnår i å sikre lokale interesser. Dette må da sjåast opp mot kva for moglegheiter og utfordringar ein ser ved å halde fram å drive som sjølvstendig selskap. Endeleg avgjerd blir gjort av generalforsamlinga i Skjåk Energi.