Vi er inne i ein prosess for eventuelt fusjon av Skjåk Energi AS utanom dotterselskapet Skjåk vasskraft AS, ein eventuell fusjon vil altså ikkje røyre ved eigarkraft eller konsesjonskraft i Skjåk, og det er ingen prosess for sal av Skjåk Energi AS.

Frå Skjåk Senterparti sitt valprogram:

"At Skjåk kommune også i framtida skal ha sikra råderett over kraftrettane. Eventuell fusjon av Skjåk Energi utanom vasskrafta blir vurdert etter resultat av forprosessen som er under arbeid. Målet med prosessen er å oppnå best mogleg resultat og vilkår for Skjåk kommune og våre innbyggjarar, noverande og framtidige tilsette i selskapa.

Viktige sjekkpunkt i arbeidet blir; økonomi, arbeidsplassar, kompetanse, krav frå styresmaktene, teknologisk utvikling, nettleige og straumpris, lokalsamfunn og samfunnsrekneskapen, beredskap, lokale tenester og lokalt sjølvstyre. Kva er til det beste for Skjåksamfunnet?

Pressemelding sendt frå styreleiar i Skjåk Energi AS og ordførar i Skjåk 29.11.2022:

Skjåk Energi vurderer samanslåing

Skjåk Energi startar etter ei grundig vurdering opp ein prosess der ein ønskjer å sjå på kva ein kan oppnå ved ei samanslåing av delar av verksemda med ein annan aktør. Verdiane som er knytt til produksjon av elektrisk straum som ligg i Skjåk Vasskraft AS blir halde utanfor prosessen.

Framtidig, forutsigbar inntening både for eigar, innbyggjarane og næringslivet i Skjåk samt krav til kompetanse og robuste fagmiljø har vore avgjerande for tilrådinga som styret har kome med overfor eigar. Generalforsamlinga i selskapet, som består av kommunestyret i Skjåk, har vedteke å følgje tilrådinga frå styret.

Styret er klar over at ei slik omstrukturering på lengre sikt mellom anna kan redusere talet på arbeidsplassar i Skjåk og dette vil saman med gode lokale tenester vere av det viktigaste å sikre ved forhandlingar. Styret meiner like vel, ut frå ei heilskapleg vurdering og kunnskapen ein har i dag om lokale tilhøve, utviklinga i bransjen og framtidige rammevilkår, at dette vil vere det beste for eigar og innbyggjarane i Skjåk.

Det blir streka under at det ein startar opp med no er ein prosess og at ei avgjerd om ei eventuell samanslåing er noko som blir gjort seinare på bakgrunn av kva ein gjennom forhandlingar oppnår i å sikre lokale interesser. Prosessen har som mål å sikre best moglege vilkår for eigar, Skjåksamfunnet og tilsette i selskapa.

Fakta om Skjåk Energi

Konsernet Skjåk Energi består i dag av morselskapet Skjåk Energi AS som er heileigd av Skjåk kommune. Aktiviteten er organisert i fire dotterselskap:

· SkiakerNett AS eig og driftar straumnettet i Skjåk kommune.

· Skjåk Vasskraft AS produserer elektrisk straum gjennom eigardelar i kraftstasjonane Skjåk 1, Øyberget og Framruste.

· Aursjokraft AS sel elektrisk straum til kundane i Skjåk kommune.

· Skjåk Energi Entreprenør AS eig og driftar fibernettet i Skjåk og driv anna forretningsmessig verksemd.

Totalt er det om lag 16 tilsette i konsernet.

Det har skjedd mykje i energibransjen sidan Energiloven kom i 1991. Kraftverket vart Skjåk Energi i 1996. Små og store selskap må forholda seg til nye krav og retningsliner, det er RME som set rammevilkåra for bransjen. Det er relativt tøffe krav til energibransjen framover, blant anna på digitalisering. Det vart pålagt alle nettselskap med selskapsmessigs kille, dette har vore ein krevjande prosess, men det har òg ført til at ein får betre oversikt over dei ulike delane av Skjåk Energi. Mange nettselskap har fusjonert, Skjåk Energi er eit av dei minste nettselskapa i Norge.

Vi har eit godt og sikkert nett i Skjåk, og har hatt relativt høg nettleie. Det var nedfelt i Eigarmeldinga at høg nettleie skulle kompenserast med låg straumpris. Med bakgrunn i dette blir straumprisen bestemt administrativt med omsyn lønsemd og skattemessige høve og presentert for styret. Dersom vi skulle ha reell politisk styring av straumprisen i Skjåk, slik fleire hevdar, må vi bruke eigarkrafta og sponse staumprisen med, det vil gå utover inntekt til kommuna og i neste omgang dei kommunale tenestene.

I alle bedrifter, også i energibransjen, vil det heile tida vera behov for investeringar for å møte nye krav og retningsliner. Investeringane skal delast på få kundar i Skjåk Energi. Rekrutteringsutfordringar og kompetansekrav er ei utfordring for fleire fagområde framover, både privat og offentleg verksemd. Små selskap blir sårbare ved ulike fråvær i arbeidsstokken.

Saken om eventuell fusjon av Skjåk Energi utanom vasskrafta er ikkje klar til avgjerd, den er i prosess med interessentar i den norske marknaden. Mandatet vårt er å gjera det beste for Skjåksamfunnet i framtida, og så vil det vera resultat av komande forhandlingar som blir grunnlaget for endeleg vedtak.

Pressemelding om prosessen var sendt ut 29.11.2022, før dette har det vore ein prosess i eigarskapsmøte, generalforsamling, kommunestyre og formannskap. I etterkant av vedtak om prosessen har det vore orientert slik:

Kommunestyre januar – streama, presentasjon frå denne orienteringa var sendt med som referatsak til kommunestyremøte i februar. Orientering i kommunestyre i april – streama. Orientering til generalforsamling juni. I tillegg er det planlagt orientering på kommunestyremøte nå i august.