Viser til "Fakta om vegen vidare for Skjåk Energi", skreva av styreleiar Hans Sæther.

I innlegget kom styreleiaren med fylgjande påstand: "det skal startast opp ein prosess der ein ynskjer å sjå på kva ein kan oppnå ved ei samanslåing, altså ikkje sal, av delar av verksemda med ein annan aktør"

Ifylgje vedtaket som vart gjort i generalforsamlinga vart det vedteke at styret skulle få arbeida med å greia ut fusjon og/eller sal av alle dotterselskapa under Skjåk Energi AS, da utanom Skjåk vasskraft as.

Utrykket "fusjon og/eller sal" vart gjenteke heile 6 gonger i vedtaktsteksten.

I kommunestyremøte den 26.01.2023 informerte styret i Skjåk Energi AS om prosessen vidare, der vart framlagt ein framdriftsplan der det spesifikt står "i 3/4 kv.2023 – Forslag til fusjons- og eller salsavtale".

Dette er slik eg ser fakta i saka!

I spørsmål om fusjons- og/eller sal så er det vel uansett mest naturleg å tenkja fusjon. Men der Skjåk SP vurderer og fusjonera selskapa ynskjer Skjåk AP og Bygdalista å behalde og utvikla selskapa slik dei er i dag og ikkje risikera at dei blir radert bort om nokre år.

Styreleiaren skriv vidare "å sikra framtidig forutsigbar inntening for eigar"(ved fusjon).

Eg er sterkt i tvil om nokon kan garantera for ein slik avtale. Framtidige inntekter vil uansett vera usikre for Skjåk kommune ved å fusjonera med eit større selskap.

Vidare skriv han,"sikre rimeleg og forutsigbar kraftpris til innbyggjarane og næringslivet i Skjåk"

På kva grunnlag kan styreleiaren kome med ein slik påstand?

Dersom Aursjokraft AS blir fusjonert- eller selt inn i eit større selskap, så vil det ikkje lenger vera mugleg å kunna gje våra sambygdingar rimeleg straum når marknadsprisen er høg, slik me kan gjere i dag. Eit straumselskap har ikkje moglegheit til å differensiera kraftprisane mellom sin eigne kundar slik eg har forstått det.

Derfor stiller eg meg undrande til denne påstanden (ref. sitat).

Til slutt lurar eg på kvifor styreleiaren går ut i media med dette nå. Vi er no i ein valkamp der partia debatterar mellom anna framtida til Skjåk Energi, og eg forstår ikkje kvifor styreleiaren kjem ut med "faktainformasjon", som i beste fall er unøyaktig?

Eg spør meg; er innlegget kome på grunnlag av ein politisk førespurnad? I så fall kven?

Til slutt, eg ynskjer meir åpenheit i denne saka, og oppmodar med dette styret om å offentleggjere det tidlegare omtalte vedtaket, slik at våre sambygdingar tydeleg kan sjå kva som er vedteke i samband med oppstarten av fusjonsprosessen. Slik eg ser det så er det ikkje noko som står i vedtaket som ikkje toler offentlegjering.