Sal/fusjon Advokaten til Skjåk Energi sa under orienteringsmøtet for kommunestyret i vår at Skjåk kommune trulig kan få eit oppgjør i aksjar, men at det også finnst andre alternativer. Eit oppgjør i aksjar betyr at Skjåk kommune får eit utbytte fra det nye energiselskapet i staden for frå Skjåk Energi kvart år. Eg har sett i det siste at nokon kallar det omstrukturering, samanslåing eller fusjon. I fleirtalsvedtaket til SP i november i fjor heiter det sal/fusjon. Eg trur folk flest kallar det det same som meg, nemleg sal av SkiakerNett, Aursjokraft og Skjåk Energi Entreprenør.

Arbeidsplassar Men namnet på handelen har jo ikkje noko å seie for veljarane. Det som verkeleg betyr noko, er kva styret i Skjåk Energi tilrådde og SP slutta seg til: «Styret er klar over at ei slik omstrukturering på lengre sikt mellom anna kan redusere talet på arbeidsplassar i Skjåk…» Eg forstår ikkje SP som kjempa knallhardt og godt for arbeidsplassane på Ysteriet, og ikkje no med Skjåk Energi. Kvifor ikkje same glød når det gjeld Skjåk Energi? AP og Bygdalista kjemper for Skjåk Energi.

Beredskap Dei tilsette kjenner kvar stolpe, kvar line og kvar kunde. Når uveret kjem er dei ute med ein gong og rettar feil. Raskt og effektivt med nærleik og all den detaljkunnskap dei har. Eg kjenner med trygg med Skjåk Energi i ryggen. Det vil komme fleire uver.

Produktet Skjåk Energi er eit verdifullt selskap for oss i Skjåk. Dei har fantastiske produkt som vi nesten gløymer i kvardagen. Eit godt utbygd straumnett som leverer oss rimeleg straum. Eit hundre prosent utbygd fibernett der vi får levert internett og anna digitalt innhald. Dei har ein oppetid mange vil misunne oss.

Kva nå? AP og Bygdalista ynskjer ein prosess med bedriftsutvikling av Skjåk Energi lokalt.