av Gaute Helland

I kommunedelplan for Fossbergom frå år 2020 kan ein i punkt 4.2 b lesa:

«Bygg skal som hovudregel ha saltak med takvinkel 22-34 grader.»

Fjuken 22. februar viser noko av planane, med fire bilete av nye Kulihaugen: «Slik det kan bli sjåande ut». På dei fire bileta er det teikna hus som bryt med føresegna om takvinkel. Desse husa har og pulttak, dvs. berre ei takflate, lik ein gamaldags skulepult. Pulttak er berre tillate på mindre hus, utanom Fossberga, i landbruket, sjå arealdelen i kommuneplanen for resten av kommunen frå 2022, punkt 3.1.2.

Kulihaugen er eit jordbruksområde godt synleg frå alle kantar: Frå Lomskyrkja og Lomsprestegarden, frå riksveg og fylkesveg, og frå bustadområdet ovanfor. Og frå industriområdet like ved.

Desse planane er i strid med nasjonale føringar om ikkje å byggje på dyrka mark.

Planane bryt og med Lom kommune sine eigne retningsliner med omsyn på lokal byggjeskikk.