Som eg tidlegare har sagt frå om, kjem eg til å gå imot planane om bustadbygging på Kulihaugen.

Mykje godt kan seiast om Innovasjonsprogrammet «GNIST» i regi av DOGA og det arbeidet som alt er lagt ned her i kommunen. Eg skal derfor summere opp grunnane til at eg likevel vel å gå imot planane.

•Arealet av dyrka jord i Lom utgjer i fylgje SSB knapt 1,5% av storleiken på bygda. 2.220 menneske bur i 1.080 sjølveigde bustadar og eit høgt tal leigebustadar. SSB forventar at folketalet i bygda vil minke urovekkande jamt framover, og med det behovet for hus.

Det vi veit er at klimaendringane vil auke behovet for eigen matsikkerheit. Å ta i bruk dyrka jord som bustadtomter er, etter mi meining, både stuttsynt og umoralsk.

•Lom Stavkyrkje er viktigaste kulturminnet vi har i Lom. Frå vegane mot Skjåk og Bøverdalen er kyrkja delvis gøymd av nyare bygnadar. Berre frå RV 15 frå aust får kyrkja te seg fram i all si prakt mot grøne jorde i Kulihaugen. Byggjeplanane vil dramatisk endre denne bakgrunnen og stela den storslegne ut- sikta mot Kyrkja.

•Prestgardslåven som eg har prøvd å få inn i vurderingane som eit interessant restaureringsprosjekt er knapt med i planane frå DOGA. Denne flotte, vel 100 år gamle bygningen kan få bueiningar i låvedelen, med fjoset og undfjoset kan få nye funksjonar med t. d. ungdomsklubb med skatepark, eldresenter og kunstsenter. Lom treng mange mindre husvere og hyblar til både einslege eldre og til alle dei sesongtilsette i turistnæringa som må bu her i sesongane.

•Fjuken skriv 28. september om planar for byggjing av opp til 14 nye bueiningar i Eggjavegen, og nemner også planar for Nilsbue og på gamle Lom Møbelindustri.

•Fleire einskildtomter står att på eldre bustadfelt og byggjeområde.

•Kommunen sjølv har ei rekkje bustadar som kan/bør restaurerast opp til vanleg bustandard. Dette er oppgåver som lokale firma/snikkarlag kan ta på seg, og som vil skapa nye arbeidsplassar i bygda.

•Fleire einskildområde som t.d. Lientomta nær Sjukeheimen ligg lagleg til for nye omsorgsbustadar.

I staden for å byggje nye luftslott utover den dyrka jorda som ennå er att i Lom, meinar eg altså at politikarane i Lom må tenkje sjølvstendig og laga sine eigne planar for å dekkje mangelen på bustadar i bygda.