Dette blir presisert i ei melding frå Brannsjefutvalet i Innlandet fylke

Det er svært turt, og sjølv ein liten gnist kan gje enorme konsekvensar. Det blir presisert at forbodet også gjeld alle etablerte bålplassar. Det har enkelte stader kome noko nedbør, dette har ikkje vore tilstrekkeleg til å senke brannfaren.

Brannvesenet får mange spørsmål gjeldande grilling i eigen hage. I eigen hage må ein sjølv vurdere brannfaren.

Aktsemdsplikta gjeld uansett kvar du befinn deg, også på eigen eigedom, spesielt om den grensar til skog og utmark. Du er sjølv ansvarleg for elden du tenner. Dersom du er usikker på om det er trygt å gjera opp eld, skal du ikkje gjera opp eld, også når du er heime, seier utvalet.

Brannsjefutvalet oppmodar alle om å varsle frå til 110 om dei oppdagar open og laus varme i naturen.