– Vi fekk melding om brannen klokka 19.46, opplyser brannsjef Atle Festervoll.

Han fortel at det brenn bra da dei kom, men at brannen vart raskt sløkt.

– Det brann på eit lite område. Nå driv vi med etterslokking. Vi skulle gjerne ha visst kvifor det hadde teke til å brenne der, for vi såg ikkje folk da vi kom. Derfor veit vi førebels ingenting om brannårsaka, seier Festervoll.