– Dette gjeld alle, heile tida og over alt, seier ein bestemt brannsjef, som vedgår at Lom og Skjåk brannvesen er ekstra «på alerten» for tida.

Brannsjefutvalet i Innlandet har, etter eit møte torsdag, sendt ut ei pressemelding om den stadig aukande skogbrannfaren.

– Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Derfor er det forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, på fjellet, på stranda og ved naturområde som ikkje er innmark. Farevarselet nærmar seg det høgaste nivået i store delar av fylket og det er ikkje meldt nedbør av betydning dei neste ti dagane. Det har allereie vore fleire brannar den siste tida. Sol, varme og vind gjer brannfaren spesielt stor. Tørkeskadd og død vegetasjon bidreg til brannfare langt over normalen, heiter det i pressemeldinga.

Brannsjef Festervoll fortel til Fjuken at kommunane Lom og Skjåk har ei eiga forskrift med totalforbod mot brenning. Totalforbodet gjeld frå 15. april til 15. september.

– Når vi seier totalforbod, så gjeld det alt. Det er forbode å brenne daugras, brenne søppel, bruke primusar, eingongsgrillar eller grille pølse på bålplassar. Ikkje gjer det! Somme gjer det likevel, dei trur det skal gå fint og dei trur gjerne dei har sløkt godt – men slik tilhøva er nå, kan varmen gå i bakken og blusse opp att, åtvarar Festervoll.

Brannsjefutvalet i Innlandet, som er eit samarbeidsråd der alle brannsjefar og leiaren for 110-sentralen i Innlandet fylke deltek, har torsdag drøfta felles utfordringar og løysingar. På grunn av den stadig aukande skogbrannfaren, er det nå sett opp møte kvar veke i tida som kjem, i samarbeid med Statsforvaltarens Fylkesberedskapsråd.

Ved brann eller ulykke: Ring 110.