Det var skredfare som var grunnen til at vegen over fjellet vart stengt for trafikk laurdag kveld.

Sundag føremiddag var det usikkert når vegen kom til å bli opna att, da snøskavlar måtte sprengjast ned fleire stader.

Sundag kveld klokka 20 vart fjellovergangen mellom aust og vest opna for trafikk att. Sjølv om vegen har vore stengt sundag, har bommane både ved Billingen og Grotli vore opne, slik at trafikantar aust for brøytestasjonen har kunne kome seg til og frå hyttene.