– Målet er å få sprengt ned snøskavlar i løpet av dagen, men vi kan ikkje seia noko eksakt tidspunkt for når dette vil skje. Det er avhengig av fleire ting. Folk skal inn i fjellet med naudsynt utstyr, og det skal organiserast skikkeleg. Difor er det ikkje sagt noko klokkeslett, men planen er å få gjennomført sprenginga i dag, seier trafikkoperatør Gunnar Dovland i Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen til Fjuken sundag føremiddag.

Fjellovergangen på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn vart stengt laurdag kveld, grunna stor skredfare.

Sjølv om fjellovergangen er stengt, står bommane både ved Billingen og Grotli opne sundag føremiddag. Dovland forklarer kvifor:

– Det blir gjort vurderingar heile tida. Vegen er i utgangspunktet stengt, men på grunn av at det er påske er bommane opne, slik at folk skal kunne koma seg til og frå hyttene sine. Frå aust er riksveg 15 fysisk open fram til brøytestasjonen, der er vegen fysisk stengt, seier trafikkoperatøren, og legg til at brøytemannskap arbeider kontinuerleg på fjellet.

Han fortel vidare at det utover dagen i dag er venta nedbør, kraftig snøfokk og vind opp i liten kuling på fjellovergangen.

– Det ser ut til at det blir same vêr måndag, men i fylgje vêrmeldingane skal vinden løye noko på tysdag, seier trafikkoperatør Gunnar Dovland.

I fylgje Statens vegvesen er det venta ei ny vurdering kring opning av fjellovergangen på riksveg 15 seinast sundag kveld.