Det er Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen som melder om dette laurdag ettermiddag.

I skrivande stund, klokka 14.30 laurdag, er det fortsatt ope over fjellet, men grunna stor skredfare vil fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn bli stengt før det blir mørkt, og seinast klokka 21 laurdag, i fylgje Statens vegvesen.

Vegen kan bli stengt før dette på kort varsel, da det er meld kraftig snøfokk utover ettermiddagen.

Vegtrafikksentralen melder vidare at sundag vil ikkje fjellovergangen bli opna att før snøskavlar er sprengt ned.

– Vurdering frå geolog om tidspunkt for dette er venta klokka 11 sundag, opplyser Statens vegvesen.