Statens vegvesen melder at vegen mellom Geiranger og Langvatn fortsatt er stengt.

Geirangervegen vart stengt fredag i førre veke på grunn av vanskelege køyreforhold. Vegvesenet varsla da at dei skulle vurdere å opne vegen att sundag. Vegen vart ikkje opna att da, men ei ny vurdering skulle gjerast i dag, tysdag.

Nå melder vegtrafikksentralen i Statens vegvesen at Geirangervegen fortsatt er stengt, og at det vil bli teke ei ny vurdering fredag føremiddag.

Frå natt til onsdag er det meld snø, kraftig vind og snøfokk i fjellområda i Sør-Noreg, og Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel.