– Snøvarselet for Sør-Noreg er oppdatert. Frå natt til onsdag er det venta snøbyger i fjellområda over 800–1.000 meter. Snøvêret held fram til torsdag ettermiddag. Lokalt kan det koma 25–60 centimeter. Det er også venta kraftig vind og snøfokk, melder Meteorologisk institutt tysdag.

I farevarselet som vart sendt ut måndag, var det venta opp mot 40 centimeter med snø lokalt. I det oppdaterte varselet er det altså varsla at det kan koma opp mot 60 centimeter med snø.