Gjennom ei svært tenleg og konstruktiv medarbeidarsamling hausten 2022 staka vi ut kurs og retning for å ta Fjuken vidare i 2023 og inn i dei komande uoversiktlege åra.

Tidlegare dagleg leiar Asta Brimi hadde vorte pensjonist ved førre årsskifte, og den erfarne og dyktige journalisten i Vågå, Arve Danielsen, vart pensjonist etter sommarferien. Inn har kome nye dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Fjuken har vore skåna for mange utskiftingar. Mediehuset er i stor grad prega av stabilitet, utan at det går ut over utvikling eller nytenking.

Da vår Vågå-journalist slutta, fekk vi henne vi ville ha – Kari Margot Odnes, ein journalist som tidlegare hadde vore frilans hjå oss. Med henne fekk vi ein oppsving i Vågå. Ho har sine vinklingar og sitt stoff, og har skaffa oss fleire lesarar i den austlege delen av Ottadalen. Allereie på slutten av 2022 var vår digitale drivkraft, Ola Rossehaug på plass.

Vi er på og vi er med!

Redaktør og dagleg leiar Hans Erik Kjosbakken. Foto: Ola Ø. Rossehaug

Fjuken-TV

Fjuken-TV rullar vidare, med 190 opplastingar i 23-katalogen. Dette genererte nær 140.000 visningar. Vi har hatt større direktesendte produksjonar som for eksempel landets største veterankøyretøyløp («Flåklypa Grand Prix»; 35 sal og 4.340 visningar av opptak). Vi har òg våre tidleg ute med det nye grensesnittet for TV: tv.fjuken.no

Vidare direktesende vi eit stort lokalt underhaldningsshow, der vi òg var medarrangør («Heia Lom»; 16 sal, 5.844 visningar av opptak).

Ikkje minst hadde vi fem og ein halv timar direktesendt valstudio (kring 500 følgde oss direkte – 3 sal, 5.670 visningar av opptak), med ekspert i studio og utegåande reporterar. Dei ulike partia og listene i alle tre kommunar fylgde Fjuken si valsending.

Vi har òg ein serie kalla «Fjuken på jobb», som ein kan sjå døme på her:

I forkant av valet hadde vi også direktesendingar av valdebattar, og Fjuken var i det heile mykje meir på ballen og svært aktuelle da nye fire lokaldemokratiske år skulle avgjerast.

Fjukpodden

Vi slenger oss ikkje med i poddansen utan å by opp att. Det som mange kanskje tenkte kunne bli eit blaff, er nå eitt av vekas høgdepunkt for mange: Fjukpodden. Kvar onsdag har vi ein 20-minutter med aktuelt stoff, underhaldande tomprat, gjestar og meir til – som folk høyrer på. I snitt lyttar vel 500 på denne podden og vi har til saman nær 25.000 avspelingar totalt.

Ny bladbunad

Fjuken gjorde også eit visuelt grep i 2023. Vi er ikkje lenger Fjuken – lokalavisa for Ottadalen. Vi er Mediehuset Fjuken. Vi kom saman fram til ein ny profil, og hadde ressursar på huset til å utforme den nye logoen - som er med på å understreke at 2023 har vore eit år med endringar.

Den nye logoen vart nok helsa med ein viss skepsis frå dei som har vore med i 35 år, men er nå «akseptert». Foto: Grafikk/Terje Randen

Økonomi og opplag

Gledeleg var òg den økonomiske stoda og resultatet i 2023. Vi var til og med framfor budsjett. Opplaget var vel så gledeleg, og offisielle tal vil syne at vi prosentvis «vann» i PMNV.

Sjølvsagt er vi redde for at trenden mange andre mediehus har vore gjennom i fjoråret vil råke oss i tida som kjem. Det er med spenning vi går inn i 2024.

Det er ingen tvil om at svakare privatøkonomi vil kunne føre til at vi vil miste abonnentar, og annonsemarknaden vår er liten.

Likevel – vi har trua.

Mål og prioriteringar

Mediehuset Fjuken skal framleis vera den leiande kanalen for lokalbefolkninga. Det er hjå oss dei skal få dei viktige nyheitene og dei gode sakene.

Avisas samfunnsrolle

Fjorårets store hendingar som uvêret «Hans» og lokalvalet var vi beint fram gode på. Slik er Fjukengjengen! Vi gjev naudsynt informasjon fortløpande, og staben kastar seg rundt når ting skjer. Det er «alle mann til pumpene» når det trengst.

Under «Hans» var heile redaksjonen i gang, på alle sider av stengte vegar og ras, og vi informerte innbyggjarane fortløpande. Dette fekk vi mange positive attendemeldingar på.

Dekninga vår av lokalvalet var på eit heilt anna nivå enn tidlegare, jfr. skildringa av dette over.

Journalistfagleg utvikling

Internt har vi daglege redaksjonsmøte, som etter kvart inkluderte alle tilsette på huset. Her skjer òg løpande evaluering, men det kan like gjerne skje rundt lunsjen.

Det er ståande tilbod om å melde seg på relevante kurs, og LLAs landsmøte kan dei som vil delta på.

Etikk

Vi stiller elles dei kritiske spørsmåla når vi må, men i mindre lokalsamfunn som våre får vi nok høyre at vi er feige. Likevel meiner vi å setja søkeljoset på saker som kan vera kontroversielle. Det kan føre til at marknadsavdelinga får spørsmål om vi kjem til å gjera meir kring ei sak, og at det i så fall ikkje er så interessant å bruke oss i reklamesamanheng. Slik er det i kommunar med mellom to og tre tusen innbyggjarar.

– Det er ikkje kritisk journalistikk de driv, det er negativ, er utsegn vi har fått frå forvaltning/politikk når vi har lyfta fram saker der andre har eit anna syn. Det lever vi godt med.

Vi kan ikkje rykke inn i ei sak, ha fem namn på byline og trekke oss ut neste dag.

Kjeldebruk

Fjuken har medarbeidarar som dagleg sjekkar kommunanes postjournalar, og er dedikert politikk og forvaltning. Vi strebar elles etter å ha fleire kjelder der det er tenleg og opplysande for saka.

Distribusjon

2023 var annus horribilis når det kom til avislevering. I fleire månader opplevde fleire hundre abonnentar på det sentrale Austlandet eit mareritt - papiravisa kom ikkje. Eit uoversiktleg konglomerat og hierarki i organiseringa av distribusjonen heldt bokstaveleg talt på å ta knekken på enkelte av oss. Dette løyste seg delvis utover hausten, men 2024 vil by på nye utfordringar kring dette.

Papiravisa er framleis viktig for oss!

Aktuelle saker i 2023

Spørsmål frå Stiftelsen

Redaktørens ansvar og plikter er fundamentet for pressens rolle i samfunnet. Redaktøransvaret er også lovfestet. Hva mener du er dine viktigste oppgaver som redaktør?

Å sjå til at det som blir publisert i Fjuken er etteretteleg.

Å verne og hegne om at Fjuken skal ha tillit i heile lokalsamfunnet.

Å vera der for reinhaldaren, for bonden, for læraren, for den uføre, for tenåringen, for den utfløtte – for alle.

De redaktørstyrte mediene er avhengig av tillit og troverdighet, og de må derfor verne om sin uavhengighet og integritet. Samtidig er de fleste journalister og redaktører samfunnsengasjerte mennesker. Hvilken policy har dere for medarbeideres engasjement på sosiale medier? Er det fritt frem for å uttrykke egne synspunkter og meninger om aktuelle og kontroversielle spørsmål?

Nei, det er ikkje fritt fram for å uttrykkje eigne synspunkt og meiningar i sosiale medium om aktuelle eller kontroversielle spørsmål.

Stadig mer stoff – både tekst og bilder – skapes av, eller har sitt opphav i, kunstig intelligens (KI). Hvordan påvirkes grunnleggende journalistiske prinsipper som kildekritikk, faktakontroll og åpenhet av KI? Hvordan kan vi sikre oss mot skjulte agendaer, unøyaktigheter og løgn generert av KI?

Vi må og skal halde oss vakne, men ser at KI kan vera eit godt verktøy!