Men aller fyrst i skuletimen vil innlandselevane få ei helsing frå enda høgare hald.

H.K.H Kronprins Haakon har nemleg ei videohelsing til elevane. Da Kronprinsparet fylte 50 år i sommar, ynskte dei ikkje gåver sjølv, men heller at statsforvaltarane gav noko til barn og unge i eige fylke. Ein digital skuletime for betre å forstå og takle det som skjer i verda nå, vart gåva til ungdomen. Kronprinsen seier i helsinga at han og Kronprinsessa har skikkeleg sansen for ei slik gåve, og takkar elevane for at dei engasjerar seg.

Korleis påverkar ufreden i Europa livet til dei unge, og kva slags informasjon kan dei stole på? Kva gjer styresmaktene for å halde folket og landet vårt trygge, og korleis kan ungdom bidra til dette? Dette er spørsmål som dei to ungdomspanela hjå Statsforvaltaren i Innlandet har vore opptekne av det siste året. Dei ville derfor gjerne ha ei samtale med utanriksminister Anniken Huitfeldt, og nå har dei fått ja.

Den 27. september møtest ungdomane og statsråden på Lillehammer for å spela inn ein digital skuletime der dei pratar om desse temaa som pregar ungdom også her i fylket.

17-årige Maria Svensson frå Nord-Aurdal skal vera programleiar, og har med seg 15-åringen Yorkabed Kidane frå Elverum, Vårin Dagsgard-Marstein på 19 år frå Lom og Agnes Vestad på 16 år frå Ringsaker. Statsforvaltar Knut Storberget skal også vera med ungdomane i studio saman med statsråden.

Statsforvalteren i Innlandet har både eit barn- og ungepanel og eit beredskapsråd for barn og unge.

– Desse ungdomane er blant våre beste rådgjevarar og har ei viktig stemme som vi som embete vil ha fram i det offentlege, seier statsforvalter Knut Storberget.

Dei har gjeve innspel til ei rekke saker, for eksempel pandemi, skule, barnevern, klima, miljø og nå følgjene av krigen. Den digitale skuletimen vil bli sendt ut til alle vidaregåande og ungdomsskular i Innlandet. Den vil også ligge på nettsida til Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI) slik at skular elles i landet kan bruke den.