...viss ikkje tryggleikspolitikken skulle endre seg dramatisk det neste døgnet.

Bakgrunnen for besøket på tinget er at dei to engasjerte jentene båe er ungdomsrådsleiarar i kvar sin kommune, og at dei på statsforvaltarnivå i Innlandet er representantar i barne- og ungdomspanelet.

Rustad og Dagsgard-Marstein er til dagleg avgangselevar ved den vidaregåande skulen i Lom.

Helene legg ikkje skjul på at det er Vårin som er den mest oppdaterte av dei to når det gjeld det politiske systemet og forvaltninga elles.

– Eg har meir konsentrert meg om ungdomspolitikk på kommunalt nivå, og eg trur Vårin rett og slett må kurse meg litt på toget inn til Oslo, seier ho.

Vårin har langt på veg førebudd ein apell som dei skal halde for justisministeren, eller ein eventuell annan sentral poltikar om statsråden skulle bli forhindra.

– Det er fleire saker vi vil ta opp når vi har denne moglegheita, mellom anna at vi ynskjer eit nasjonalt ungdomsting og at unge får reell medverknad i krisetid. For eksempel under pandemien – vi hadde ingen påverknad på kva som skjedde og korleis tiltak gjekk ut over oss, men det var vi som måtte ta støyten. Kvifor ikkje ta med representantar for dei unge når slike saker skal drøftast, spør ho og meiner dette burde vore sjølvsagt.

Vårin seier at spørsmålet om å bli med på råd, og informasjonsarbeid, er like aktuelt i og med den spente situasjonen med Russland. Mange unge er uroa og redde, og treng informasjon og bli teke med på råd om situasjonen skulle utvikle seg enda meir.

– Viss det skulle bli krig, kva da? Barn og unge må bli høyrt i stuasjonar som vil få store konsekvensar for dei, meiner ho.

Helene og Vårin fortel at dei får heilt annan informasjon og inntrykk frå krigen enn berre gjennom dei tradisjonelle redaktørstyrte media. Videoar på TikTok frå både russisk og ukrainsk side dukkar stadig opp i feeden. Medan somme ikkje bryr seg så mykje om det, blir fleire engstelege.

Helene og Vårin er to ivrige og engasjerte ungdomsrepresentantar. Foto: Hans Erik Kjosbakken

Dei to engasjerte jentene er òg opptekne av at ungdomsråda i kommunane skal fungere meir likt enn dei gjer i dag. Medan ein i enkelte kommunar blir tekne på alvor, er det andre kommunar som ikkje i like stor grad tek ungdomsrådet seriøst. Dette er noko Vårin og Helene har erfart gjennom verva sine i fylket.

– Det bør vera ei betre og lik opplæring av ungdomsråda i heile landet, meiner dei.

Ei anna viktig sak som dei vil lyfte når dei nå har sjansen, er stemmerett for 16-åringar ved kommune- og fylkestingsval.

– Undersøkingar syner at valoppslutninga blant dei unge vart større ved stortingsvalet i dei kommunane som hadde forsøka med 16-åringar som fekk stemme, seier Vårin.

Elles vil dei koma inn på temaet unge og psykisk helse, og at tilbodet om helsehjelp må bli betre for unge.

– Det er ikkje bra nok, slik det er i dag, meiner Helene og Vårin.

Vårin Dagsgard-Marstein tykkjer likevel at mykje er på stell når det gjeld dei unges påverknad hjå Statsforvaltaren i Innlandet.

– I Innlandet er unge representert i to type råd og utval, vi blir tekne på alvor – og høyrt, mange av forslaga våre blir med vidare i fleire saker. Vi blir involvert på ein skikkeleg måte, og berre det at vi nå får besøke Stortinget, syner det, seier ho.