Eg må si eg blir både lei meg og skuffa over korleis valkampen i Skjåk har utvikla seg. Det pågår nå ein debatt om Skjåk Energi og ein eventuell fusjon utanom sjølve kraftdelen som har utvikla seg til og bli svært negativ. Både Skjåk AP og Bygdalista har gjennom ulike lesarinnlegg kome med informasjon mot Skjåk SP som er både feil og uredeleg. Det starta med at Bygdalista ved Morten Kielland kom med eit lesarinnlegg der han fastslo at Skjåk SP vil selja Skjåk Energi. Dette er rett og slett ei løgn som ikkje kan stå uimotsagt. Det pågår nå som kjent ein prosess i forhold til ein eventuell fusjon, men den er fortsatt under arbeid og kva resultatet blir veit vi ikkje enda. Men både Skjåk AP og Bygdalista er nok alt kjent med resultatet da dei båe har konkludert med at ein fusjon er heilt uaktuelt. Vi i Skjåk SP har derimot respekt for prosessen som er sett i gang i forhold til ein eventuell fusjon og vi vil venta til alle fakta er på bordet før vi tek ei beslutning.

Eg hadde håpa at vi kunne fått ein valkamp som var redeleg og faktabasert. Men slik har det dessverre ikkje vorte. Skjåk AP og Bygdalista har nok bestemt seg for å bruka ei kvar anledning til å sverta Skjåk SP gjennom feilinformasjon og løgn. Eg er derfor glad for å vera ein del av Skjåk SP, vi brukar faktabasert informasjon, vi svertar ikkje dei andre partia gjennom feilinformasjon og løgn og vi jobbar heile tida til det beste for Skjåksamfunnet.

Ynskjer alle eit godt val!