av Kari Sveen, Lom

Øystein Rudi – direktør i Gudbrandsdalsmusea, Marit Sletten – styreleiar i Lom Heimbygdslag og Bjarne Eiolf Holø – ordførar i Lom, framhevar i sitt innlegg 13. juni den nyleg utførte lyssettinga i Presthaugen som eit tiltak som aukar tryggleiken.

Da har dei tydelegvis ikkje tenkt på dei som brukar Presthaugen aller mest – ungane! Presthaugen er som kjent svært mykje nytta av barnehagen, barneskulen og av ungar på fritida - m.a. for skileik, aking og andre aktivitetar året rundt. I samband med slike aktivitetar synest eg det er svært bekymringsfullt at det er sett opp ei rekke stolpar med uvanleg skarpe kantar i ansiktshøgde for desse små, i eit område som er mykje nytta til ulike former for frileik.

Før kunne ungane få utfalde seg fritt på dette opne og oversiktelege området, men tryggleiken for dei minste er vesentleg redusert med desse skarpkanta installasjonane! Men det er kanskje ikkje så nøye, så lenge vaksne som vil gå ein tur akkurat her etter at det har vorte mørkt får tilfredsstilt behova sine?