av Kari Sveen

Den nye «gangvegen» i Presthaugen vart opna førre helga, og eg er sikkert ikkje den einaste som vart noko forundra over dimensjoneringa av anlegget? Her vart det bygd bilveg i staden for gangveg, og tilrettelegginga med ein brei oppgrusa veg og gatelysarmatur øydelegg langt på veg dette fine området, som ein så gjerne ville vise fram og gjera tilgjengeleg for fleire.

Det å planere ein trase og gjera han tilgjengeleg for rullestolbrukarar er ein god ide, men burde vore utført på ein måte som også tok vare på det fine landskapet i Presthaugen. Med god planlegging og val av skånsam tilrettelegging kunne ein fått ein tilpassa gangveg, slik at ein fortsatt kunne ha kjensla av å vandre gjennom kulturlandskapet slik det var i tidlegare tider. Men med moderne gatelys langs ein brei bilveg er dette fine området vorte meir eller mindre øydelagt. Det er nesten ikkje noko å vera stolt av å vise fram lenger, og det er trist å sjå korleis denne vesle perla midt i sentrum har vorte rasert av lite gjennomtenkte terrenginngrep over nesten heile området.

Eg trur heller ikkje at særleg mange har sakna gateljos tvers gjennom Presthaugen. Vi som bur i sentrum har allereie ei fin runde med gatelys og fortau via Brubakken, rett utanfor Presthaugen. Her kan vi velja å gå ned om nybrua og attende på opplyst fortau langs Fv 55 attende til sentrum, eller vi kan ta ein kortare runde ned langs Solsidevegen, og attende på gangvegen langs Rv. 15. Det kan kanskje vera nokre få ekstra som vil gå gjennom Presthaugen når det blir meir lys, men det blir da ei tilrettelegging for svært få, og som reduserer opplevinga for det store fleirtalet som brukar Presthaugen i den lyse årstida og på dagtid om vinteren. Om det er litt mørkt, så har vel dei fleste ei lommelykt eller hovudlykt.

Også for dyrelivet er det uheldig å ha kunstig lys over alt. Dei seinare åra har vi fått fleire varsel om at insekta slit i vår moderne og tilrettelagte verd. Mange av dei blir forstyrra av lys, og blir insekta borte, mistar vi også flaggermus og fuglar som lever av insekt. Det er veldig synd at ikkje verdien av å behalde litt natur med tanke på dyre- og fuglelivet i sentrum har vore ein del av vurderingane her. For dei mange ungane frå skule og barnehage som brukar området, trur eg det er viktigare å sjå fuglar og dyr eller dyrespor enn å få nye gatelys.

Registrerte også at Miljødirektoratet har gjeve midlar gjennom tilskottsordninga «Naturarven som verdiskaper». Da skulle ein kanskje tru at naturarven skulle takast vare på, men slik er det ikkje her! I Miljødirektoratet si eiga naturkartlegging er Presthaugen markert som verdifull naturtype - tørr kalkfuruskog. Naturtypen er klassifisert som svært viktig, og blir omtala som trua i Naturbase (utdrag av skildring Presthaugen – ID BN00020966): «kalkskog er en truet vegetasjonstype og slike tørre, gras- og urterike utforminger med furu ikke er vanlige. - - - Kalkskog som vegetasjonstype anses som noe truet, men den tørre furu-utformingen på Østlandet regnes som mer truet enn nordlige kalkskoger med bjørk.». I denne fine skogen kan ein finne fleire sjeldne artar, og ei ekstra oppleving når ein går gjennom Presthaugen er å sjå mogop - eller bukkeblome – som ein av dei første blomane om våren. Nå går den breie vegen heilt inntil den beste førekomsten, og mykje av kalkfuruskogen er grave opp av store maskinar.

Var det ingen som gjorde noka vurdering av naturen eller kost-/nytteanalyse før dette meiningslause prosjektet vart sett i verk? Det er heilt sikkert mange andre plassar i kommunen der ein kunne hatt større behov for gatelys enn gjennom det vakre bygdetunet, og ein burde i det minste avgrensa lyssettinga til plassen rundt det nye eldhuset (det vart forresten fint!).