av Øystein Rudi – direktør i Gudbrandsdalsmusea, Marit Sletten – styreleiar i Lom Heimbygdslag og Bjarne Eiolf Holø – ordførar i Lom

I lesarbrev i Fjuken gjev Kari Sveen til kjenne sine syn på fleire tiltak som er gjennomført i Presthaugen, Lom Bygdamuseum. Vi helsar innspel velkomen og vil alltid vera lydhøre for både bygdafolk og fagfolk sine meiningar. Det likevel slik at nokre av slutningane innlegget treng ein kommentar.

Det er investert om lag tre millionar kroner i Presthaugen dei siste to åra. Det nye eldhuset er laga for matlaging over open varme. Eldhuset skal vera med å stadfeste Lom som gastronomisk reisemål, og alle dei gode matfolka i reiselivet i Lom er like velkomen som bygdafolket til å nytte seg av Eldhuset, som erstattar kiosken som var klar for utskifting.

Nytt alarmanlegg mot brann og innbrot i heile den historiske delen av Presthaugen er installert i samråd med og finansiert av Stiftelsen UNI og Norsk Kulturråd. Dette er eit viktig sikringstiltak, som vernar om felles verdiar i lang tid framover. Forsiktig lyssetting har også element av sikring i seg, og lysforurensing er vurdert. All erfaring syner at det mindre sjanse både for hærverk og innbrot der det opplyst enn i stummande mørke. Lyssetting av gangstien skal gje folk moglegheiter til å bruke området alle dei timane i året da det er for mørkt. Det er ikkje slik at alle går omkring med hodelykt eller lommelykt som det blir hevda i innleggety. Lys er også ei forutsetning for bruk av eldhuset heile hausten og vinteren, og lysmastene er ekstra påkosta i antikk utførelse og spesiallakkert i Lomsbrun farge.

Lom kommune gjennomførte for eit par år sidan ei kartlegging av tilgjengelegheit for bevegelseshemma. Eit heilt klart svar var at stiane i Presthaugen var ubrukelege for eldre som er dårlege til beins, for alle med rullestol og for dei som trillar barnevogn. Ein hyggeleg bonus etter gravinga for alarmanlegg var difor at vi fekk pussa opp at stiane slik at dei er meir framkommelege. Eit bygdatun skal vera tilgjengeleg for flest mogleg. Også i bredda på stigane ligg det eit element av sikring. Før oppgradering var det knapt framkommeleg med moderne brannbilar i den indre delen av Presthaugen. Dagens situasjon med knusktørr skogbotn er ikkje uvanleg i Lom, og tilgjengelegheit med effektivt slokkeutstyr er ei god forsikring om ei brannkatastrofe som i verste fall kan truge store delar av Lom sentrum skulle skje. Ser ein til dømes åt Maihaugen er det fåe vegar der som er så smale som den vi nå har gjennom Presthaugen. Det er relativt få som klagar over at idyllen forsvant på Maihaugen.

For å få gjennomført tiltak er det nødvendig å bruke maskiner. Ikkje dei største, men dei av høveleg størrelse for oppdraget. Vi vil berømme Garmo Maskin ved Terje Synslien for vel utført arbeid. Vi er sjølvsagt klar over kalkfuruskogen i Presthaugen. Det er feil når Kari Sveen hevdar at denne er grave opp. Vi har også drøfta tiltak for å få reetablert stadeigen vegetasjon på best mogleg vis med dei beste fagfolk. Tilkjøring av matjord er vurdert, men ikkje funne hensiktsmessig. Presthaugen er ein furumo med skrinn jord, og som nasjonalparkforvaltar bør Kari Sveen vera kjend med at ein i minst mogleg grad ønskjer å endre på lokale vesttilhøve. Da vil det samstundes ta litt tid før kanter gror til, særleg når sommaren er tørr som nå.

Vi er opptekne av skånsom forvaltning samstundes som kulturarven blir gjort meir tilgjengeleg til glede for bygdafolk og tilreisande. Vi ønskjer samarbeid om utvikling og kvalitetssikring, og vi inviterer Kari Sveen og alle andre med synspunkt på arbeidet vårt til å ta kontakt med oss.