Butikksjef Kristin Kolden stadfestar overfor Fjuken at Nille Lom skal leggjast ned, men viser oss vidare til distriktssjefen for ytterlegare kommentarar. Distriktssjefen viser oss vidare til HR-direktør i Nille, Ivar Borgen.

Han stadfestar også at Nille-butikken i andreetasjen på varehuset Koopen blir lagt ned.

– Det er sjølvsagt synd når vi må gå til det skrittet å leggje ned ein butikk, fyrst og fremst sidan det har med menneske og arbeidsplassar å gjera, og eg hadde sjølvsagt sett at vi hadde unngått det. Men når det gjeld Nille i Lom har vi rett og slett ikkje oppnådd den lønsemda vi hadde ynskt, og på bakgrunn av dette har det vorte bestemt at butikken skal leggjast ned, seier Ivar Borgen.

Direktøren fortel at den sviktande omsetnaden har gått føre seg ei god stund, og at ein ikkje såg noko anna utveg enn å leggje ned drifta.

Ivar Borgen fortel at Nille-butikken i Lom blir lagt ned ved årsskiftet.

Butikken har i dag to fast tilsette, inkludert butikksjef Kristin Kolden som tok over butikksjefstillinga i juni. I tillegg har Nille i Lom fleire ekstrahjelpar.

Nille Lom vart opna i november 2011.

Nille i Lom vart opna i november 2011. Nå skal butikken leggjast ned. Foto: Tom Erik Solstad