– Vi er godt i rute, og ser fram til å få flytta inn i nytt lokale, seier Pål Sve Bjørndal, som er butikksjef på Vinmonopolet i Lom.

Opnar neste veke

I helga startar dei tilsette flyttinga av varelageret frå dagens butikk i kjellaren på Flækøybygget, og opp til lokalet på Koopen. Vinmonopolet i Lom held stengt måndag, tysdag og onsdag neste veke, før det blir reopning i nytt lokale torsdag.

Den nye butikken har i fylgje butikksjefen eit areal på 144 kvadratmeter, inkludert lager. Dette er nesten det dobbelte av dagens butikk, som er 75 kvadratmeter stor.

Pål Sve Bjørndal er ikkje i tvil om at ein kjem til å merke den nye butikkplasseringa på salet.

– Sjølv om butikken vår i Lom går godt med den plasseringa vi har hatt i Flækøybygget, er eg ganske sikker på at det vil bli meirsal med den plasseringa vi nå får, seier Sve Bjørndal, som dessutan kan fortelje om rekordsal i juli.

– Som alle andre merka også Vinmonopolet den varme sommaren. Vi har aldri før seld over 10.000 liter i juli, men det gjorde vi i sommar, seier Sve Bjørndal.

Betre plass

Med større lokale vil Vinmonopolet i Lom få fleire hyllemeter, og såleis betre plass til varene sine. I fylgje distriktssjef i Vinmonopolet, Jan Ivar Brevik, vil framleis butikken i Lom vera klassifisert som ein butikk i kategori 2.

– Det inneber at varesortimentet i butikken vil bli det same nå som før, eit sortimentet beståande av om lag 480 variantar, seier Brevik.

Butikksjef Pål Sve Bjørndal fortel at Vinmonopolet i Lom vil halde den nye butikken stengt dei same dagane som folk er vande til i dag.

– Men opningstidene vil bli utvida utover eftan dei fire dagane butikken er ope i veka, seier han.

Nabo med apoteket

Apoteket i Lom skal som kjent også flytte ut frå Flækøybygget og inn på Koopen, og blir nabo med Vinmonopolet. Apotek1 tek over dei nye butikklokala på varehuset den 10. september. I fylgje butikksjef Aud Wenche Kvålshagen Banken skal det nye apoteket i Lom etter planen opnast måndag 17. september.

Vinmonopolet sin nye butikk i Lom blir nesten dobbelt så stort som dagens butikk. Foto: Tom Erik Solstad