– Vi har bestemt oss for å flytte til Gjeisarøya, seier Arnt Rune Vole, dagleg leiar i Kiwi i Lom.

Han slår fast at han aldri har vore i tvil om at flytting er det mest fornuftige reint økonomisk.

– Ved å flytte til Gjeisarøya, blir det berre to daglegvarebutikkar i Lom sentrum, ikkje tre. Da seier det seg sjølv at den økonomiske biten – og moglegheitene som ligg i det – er mykje større. På den negative sida har vi den vemodige biten, det kjenner både eg og butikkeigar Anne Trine Haugen på.

– Litt trist?

– Litt rart, men så ser vi jo at det er mykje positivt óg, med å flytte. For det fyrste får vi mykje betre plass - og parkeringsproblematikken blir borte. Det siste veit vi er viktig for mange. I det heile får vi ein mykje meir framtidsretta butikk enn det vi har i dag, ein butikk det er mogleg å vidareutvikle. Eg tenkjer på posten, som eit døme. Tenk kor lite plass vi har til posttenestene på Nilsbue. Etter flyttinga skal vi syrgje for å ha god plass til posten. Det blir godt både for kundane og oss som arbeider der.

– Blir det fleire arbeidsplassar som eit resultat av at butikken blir større?

– Det blir nok fleire årsverk, men kor mange er det ikkje mogleg å vera konkret på førebels.

Nilsbue skal drive som vanleg i vekene framover. Rema 1000 i Gjeisarøya stengjer dørene 15. september. Da startar Kiwi i Lom arbeidet med å gjera lokalet i stand.

– Vi skal byggje opp butikken frå botnen av. Det er ei tøff investering vi pratar om da; fleire millionar kroner. Dersom alt går som planlagt, vil nye Kiwi i Lom – i Gjeisarøya – opne dørene i god tid før jul.

Arnt Rune Vole fortel at han har fått mange spørsmål og mange kommentarar frå kundane dei siste vekene.

– Engasjementet er svært stort. Dei aller fleste har argumentert for at vi bør flytte for å få betre plass, men somme har gjeve uttrykk for det same som Anne Trine og eg har kjent på; det vemodige ved det. Men du veit det blir korkje forretning eller arbeidsplassar av å vera vemodig, så eg er heilt overtydd om at vi har gjort det rette valet.

– Har de prata om kva som bør inn i Nilsbue etter at flyttinga er eit faktum?

– Bygget skal leigast ut, og vi er samde om at det hadde vore fint å få inn noko vi ikkje har i Lom frå før.