I helga vart den andre Fjuken-drikkeflaska funne.

– Eg fann flaska ved Skjåk kjøpesenter på veg heim frå arbeid natt til sundag, seier Stine Forberg i Bismo.

Fjuken-flaska vart gøymt laurdag klokka 22.05, på baksida av kjøpesenteret i Bismo, ved døra inn til der Fjuken heldt til dei fyrste åra.

Denne veka - rett før eller i helga - blir ei ny eksklusiv sylvgrå Fjuken-flaske med 1.000 kroner i gøymd ein stad i Ottadalen. Fylg med i papiravisa og på nett denne veka for hint om kvar du må leite.