6. april 1989 kom den aller fyrste utgåva av Fjuken ut. Vi har med andre ord 35-årsjubileum i år, og dette må vi markere.

Det er 35 veker att til jul, og denne veka dreg vi i gang ein aktivitet som vi held gåande til siste veka før jul.

Kvar veke gøymer vi ei nummerert Fjuken-drikkeflaske ein plass i Ottadalen. Det kan vera i samband med eit arrangement i éi av bygdene, eller på ein heilt tilfeldig plass.

Både i papiravisa og på nettsida vår vil du finne eit hint i forkant av den vekentlege «jakta» om kvar den eksklusive sylvgråe jubileumsflaska er gøymd.

Inni flaska ligg det ein tusenlapp. Vel, det ligg ikkje 1.000 fysiske kroner i flaska, men eit bevis på at du har vunne, og beskjed om korleis du skal gå fram for å få pengane overført på kontoen din.

For at flest mogleg skal ha moglegheit til å vinne, er det viktig å merke seg at same person ikkje kan vinne fleire enn èi flaske i løpet av heile konkurranseperioden på 35 veker. Finn du ei flaske, men har funne før - la den liggje eller henge til nestemann kjem.

Fjuken sine jubileumsflasker er ekslusive og finst i berre 35 eksemplar, nummerert frå 1–35. I tillegg til pengane, får du sjølvsagt behalde flaska.

Når alle 35 flaskene er funne på tampen av året har Fjuken altså delt ut 35.000 jubileumskroner til flaskefinnarar i Ottadalen.

Konkurransen startar denne veka her, men den fyrste Fjuken-flaska skal ikkje leitast etter. Fyrstkomande laurdag er nemleg Fjuken på plass ved Finnkanten i Vågåmo der vi har stand. Vinnaren av Fjuken-flaska og 1.000 kroner denne veka vil difor bli trekt ut blant alle som kjem innom oss på standen laurdag og skriv namnet sitt på ein lapp.

Fylg med på papir og nett neste veke for hint om kvar den andre flaska befinn seg.

Konkurransen er open for alle, med unntak av Mediehuset Fjuken sine tilsette og deira nære familiemedlemar.