Dei ti Porschene som var på tur i Ottadalen tidlegare denne veka, driv også anna enn kosekøyring.

I fylgje det lokale politiet er det observert mykje uvettig køyring, både på fjellet og i Ottadalen elles.

– I fylgje opplysningar vi har er det eit israelsk reiseselskap som arrangerer turen, og det blir floge inn nye sjåførar etterkvart, fortel politibetjent Roger Haugen ved Ottadalen lensmannskontor.

Haugen kan òg fortelja at dei har fått meldingar om uvettig køyring med dei same bilane frå Sogn og Fjordane.

Med dei ti Porschene er det òg ein fylgjebil, som - skal vi tru dei opplysningane vi har - ligg føre i løypa for å sjekke om politiet har kontrollar.

Politibetjent Roger Haugen ber folk om å melde frå viss folk observerer dei ti luksubilane i høg fart.

Toppfarten på desse bilane ligg tett oppunder 300 km/t.