Dei ti Porschene, av typen 911 Carrera 4s, var alle registrert i den tyske byen Ludwigsburg der den produsenten har kontor for internasjonalt sal.

Korkje det tyske hovudkontoret eller Porsche Norge kunne fortelja kva dei ti Porschene var ute på.

– Eg trudde det skulle vera eit Porsche Travel Club-arrangement, men etter å ha dobbeltsjekka med denne avdelinga, syner det seg at det ikkje er det. Derfor må eg dessverre seia at vi ikkje løyser mysteriet, seier administrerande direktør Morten Scheel i Porsche Norge.

Porsche Travel Club turar er planlagt og arrangert av Porsche der ein kombinerer fine vegopplevingar med spektakulære destinasjonar og overnattings- og spisestader.