Administrasjonen i Innlandet legg snart fram fire alternative forslag til skole- og tilbodstruktur. Kva om Dombåsavdelinga ikkje er med i nokon av dei?

Ungdommar i alderen 16 -18 år kan med eit enkelt vedtak i Innlandet fylkesting vere borte frå Dovre og Lesja i lang tid framover, kanskje for all framtid.

Synkande elevtal gjer at dagens skulestruktur må endrast. Det er alle samde om. Sjølvsagt skal ungdommane våre ha gode skoletilbod og føreseielegheit i valet sitt. Skulestad nærast mogleg bør vere eit viktig mål. Men for meg handlar dette og om så mykje meir enn berre skule - det handlar om kva samfunn vi vil ha, om busetting og distriktspolitikk.

Det har dramatiske konsekvensar for ungdommane å måtte reise ut av bygda si i ung alder. Utfordringane er både personlege, sosiale og økonomiske. Er dei rusta for hybel, internat eller lange bussreiser - og er det noko ungdommane og foreldra våre ynskjer? Dette har ein kostnad for samfunnet som fylkespolitikarane må tenkje over.

Ungdommane er framtida vår. Når røtene blir grunnare, så er det lettare å rykke dei opp og vegen attende til bygda blir tyngre. Mange ungdommar er viktige ressursar i kulturlivet og på idrettsbana. Dei kan vere avgjerande for om dei yngre vil ha slike tilbod framover.

Vidaregåande opplæring og utdanningstilbod har alltid vore politisk styrt.

For det handlar om meir enn synkande elevtal. Det handlar om korleis bygda vår skal sjå ut i framtida. Det handlar om distriktspolitikk og det handlar om fylkespolitikarane våre har evne og vilje til å tenkje busetting i heile Innlandet - ikkje berre sør for Otta.

Demografiutvalet la i 2020 fram ei NOU-utgreiing «Det handlar om Noreg» som slår fast at plasseringa av utdanningsinstitusjonane våre er den faktoren som bidreg mest til sentraliseringa i landet vårt. Etablering av skulestader og utdanningstilbod skal jamne ut dei geografiske skilnadane i vidaregåande og høgare utdanning.

Fag- og kompetansemiljø rundt vidaregåande skole og høgare utdanning gir viktige arbeidsplassar for familiar som vil bygge og bu - og bli. Når vi legg ned utdanningsinstitusjonar blir vi mindre attraktive som tilflyttingskommune for barnefamiliar.

For nokre år sidan kom ein stor familie flyttande til Dombås. Kjærkomne innflyttarar som vi alle ropar etter å få til bygda vår. Foreldre med høg utdanning og stor barneflokk - viktige bidrag til kommunekassa og samfunnet. Mora har vore aktiv politikar i Dovre og sa ein gong at ein viktig føresetnad for å flytte til Dovre var fordi det var vidaregåande skole på Dombås.

Skulestader for vidaregåande og høgare utdanning er eit instrument for å bidra til å halde oppe ein samfunnsstruktur vi ynskjer. Busetnad i heile landet. Det er politikarane sitt ansvar.

Kva støtte kan vi rekne å få frå politikarane på fylket? Dei fleste kjem frå sør i fylket og kanskje slepp dei å bekymre seg for sin eigen skole. Har dei tankar for  at det skal vere likeverdige og gode tilbod i heile fylket vårt?

Dersom politikarane vil, så er det ikkje umogleg å lage robuste skolar med attraktive tilbod som næringslivet og det offentlege treng i åra som kjem, også på Dombås og i Nord-Gudbrandsdal. Men da må elevar også kunne reise nordover for å få eit attraktivt tilbod. Er politikarane med på den?

Det er fylkespolitikarane våre som til sjuande og sist avgjer. Da må dei ha vilje og evne til å tenkje på Nord-Gudbrandsdal som ein attraktiv region med skular, infrastruktur og arbeidsplassar.

Fleire elevar reiser til Våler eller Tomb for å ta vidareutdanning innan anleggsmaskinar? I Dovre har vi mange store maskinentrepenørar, så her er det mange som kan få læreplassar også. Det er stort behov for helsefagarbeidarar, it-folk og ingeniørar og vi greier ikkje utdanne mange nok.

Kommunestyret i Dovre gjorde nyleg vedtak om å sette ned eit tverrpolitisk arbeidsgruppe som skal arbeide fram gode og robuste utdanningstilbod på Dombås. Vi gir ikkje opp og vi vel å vere konstruktive i arbeidet med å få på plass eit godt vidaregåande tilbod også på Dombås.