For ei tid attende vart den tradisjonsrike turisthytta Krossbu lagt ut for sal.

Nå er ein kjøpar klar.

– Bjarne Eiolf Holø vil kjøpe Krossbu, kan nåverande eigar Kåre Vole fortelja.

Vole fortel at overdraginga vil skje på nyåret, og at både seljar og kjøpar er tilfredse med prisen.

– Meir enn det vil eg ikkje seia, seier Vole som er svært tilfreds med at handelen nå er gjort.

Bjarne Eiolf Holø er altså kjøpar av turisthytta, men nokon turistvert skal han ikkje bli.

– Det er dotter mi, Eirin (22), som skal vera dagleg leiar og drive Krossbu saman med sambuaren Ola Teigen, fortel Holø.

Eirin har i fleire sesongar arbeidd i Aktiv i Lom, og arbeider nå i ein sportsbutikk i Kvitfjell.

– Eirin har heile tida vore interessert i fjell og friluftsliv. Eg er med som eigar/deleigar og har vore med for å leggje kabalen og få denne handelen i hamn, seier Holø. Det å få tak i ei slik bedrift med dei omgjevnadane ho ligg i, er som å skyte gullfuglen, legg han til.

- Kva med rolla di som ordførar i dette?

– Eg er vald til ordførar, og har att to år av inneverande periode, seier Holø, som er klar på at han som ordførar vil halde seg unna alle saker som har med tidlegopning av Sognefjellsvegen eller saker relatert til reiselivet i Lom elles.

Holø vil orientere formannskapet i Lom om Krossbu-kjøpet på eit møte tysdag.

Bjarne Eiolf Holø har kjøpt Krossbu. Foto: Arkiv