finn.no ligg det ute ein annonse som skildrar fasilitetar og omgjevnader. På nettstaden står mellom anna dette:

- Krossbu Turiststasjon er ei privateigd turisthytte frå 1901. Ho ligg idyllisk til ved fylkesveg 55, Sognefjellsvegen, Noregs høgast beliggande fjellovergang. Over tjuge 2.000-meterstoppar ligg i området. Smørstabbreen, Jotunheimens største isbre, ligg i gangavstand frå Krossbu. Her finst moglegheiter for alle typar fjellaktivitetar omtrent heile året.

Ekteparet Torill og Kåre Vole har drive staden i mange år.

– Det er kanskje på tide å sleppe yngre krefter til, vi byrjar å bli slitne og vi vurderer å selja. Men, seier Torill, vi ser ikkje heilt bort frå å drive nokre år til.

Ho understrekar det flotte området Krossbu ligg i.

– Det er eit ypperleg utgangspunkt for fjell og bre.

Belegget på hytta er også godt.

– Om våren og ut juni er det fullt med skifolk, om hausten er det fotturistar og skuleklasser som kjem, fortel ho. Kan hende eventuelt nye drivarar har idear og kan tenkje nytt om korleis ein kan fylle opp midt på sommaren, seier ho.

Ekteparet Vole har barn, men desse er vaksne og godt etablerte med eigne familiar, og har ikkje tankar om å ta over.

– Det er mykje jobb å drive ein slik plass, ein må ofre mykje, seier Torill Vole.

Likevel seier ho òg at det sit langt inne å selja plassen.

I fylgje annonsen må det til eit bod på minimum 7 millionar kroner for å vurdere eit sal.