Togtrafikken mellom Eidsvoll og Lillehammer tek pause frå 7. til 15. oktober medan Bane NOR gjer viktig arbeid med å utvikle den mest klimavenlege transportåra mellom Oslo og Innlandet. I denne perioden blir det buss for tog.

Det melder Bane NOR i ei pressemelding.

Når togtrafikken startar oppatt, blir det teke i bruk ny dobbeltspor-strekning gjennom Eidsvoll.

Bane NOR opplyser at den nye strekninga er eit viktig bidrag til fleire tog, betre punktlegheit og kortare reisetid mellom Oslo og Hamar.

Bane NOR gjer nå ferdig 13,5 kilometer med nytt dobbeltspor gjennom Eidsvoll. Dermed blir det samanhengande dobbeltspor frå Oslo fram til nord for Strandlykkja. Minnevika jernbanebru får også dobbeltspor, og er med sine 837 meter landets lengste jernbanebru. Foto: Bane NOR

Det vil ikkje gå persontog mellom Eidsvoll og Lillehammer frå laurdag morgon 7. oktober og fram til om kvelden sundag 15. oktober.

Eidsvoll: Persontoga frå sør snur på Eidsvoll fram til onsdag 11. oktober. I resten av perioden er Eidsvoll stasjon stengt, og toga snur på Eidsvoll verk.

Gardermobanen: Laurdag 14. oktober og sundag 15. oktober blir det skifta ein sporveksel ved Oslo lufthavn. Dette betyr færre spor i drift. Nokre tog blir innstilt, og det kan oppstå forseinkingar.

Rørosbanen: Laurdag 14. oktober og sundag 15. oktober er det buss for tog mellom Hamar og Løten. I resten av perioden er det togtrafikk til og frå Hamar på Rørosbanen.

Det er togselskapa som organiserer busstransporten medan toga står. Bane NOR sitt ansvar er å tilretteleggje og gjeva god informasjon ved stasjonane. Bane NOR brukar alltid gul farge for informasjon om buss for tog eller andre avvik frå det normale.

– Sjå etter gule skilt, plakatar og flagg, oppmodar Bane NOR.

Elles er Dovrebanen fortsatt stengt mellom Lillehammer og Dombås, der det blir køyrd buss for tog.