Randklev bru på Dovrebanen i Ringebu har vore stengt sidan måndag 14. august, da jernbanebrua kollapsa og hamna i Gudbrandsdalslågen attpå ekstremvêret.

Dovrebanen er fortsatt stengt mellom Lillehammer og Dombås, der det blir køyrd buss for tog.

Bane NOR har vurdert fleire alternativ for ny bruløysing, og jobbar vidare med to av dei.

– Det raskaste og mest berekraftige er om vi kan bruke bruelementa som ligg i elva att. Det andre alternativet er å skaffe ei heilt ny bru, opplyser Bane NOR i ei pressemelding.

For å finne ut om dei eksisterande elementa kan brukast oppatt, må ein få desse på land, noko det blir arbeidd med i tida framover.

Bane NOR opplyser at slik det ser ut nå vil lyfteoperasjonen truleg skje i veke 42 eller 43. Bane NOR har behov for ei stor kran med lang lyftearm for å hente bruelementa opp av elva, og jobbar for å få leigd inn dette utstyret frå utlandet.

– Vi har ikkje observert store skadar på bruelementa der dei ligg i elva, og er nå optimistiske med tanke på å kunne bruke dei oppatt, seier konsernsjef i Bane NOR, Henning Bråtebæk.

Det er ingen tvil om at det vil ta lang tid før det blir ordinær togtrafikk att på Dovrebanen i Ringebu. Til NRK opplyser konsernsjefen at Randklev bru truleg ikkje vil bli opna att før i 2024.

Parallelt med arbeidet med Randklev bru skal det gjerast utbetringar på nedlagde Fåvang stasjon. Her blir det lagt til rette for overgang mellom buss og tog, med nye plattformar og snuplass.

Når dette er på plass, vil strekninga det blir køyrd buss for tog bli betydeleg kortare enn i dag. Når arbeidet på Fåvang stasjon er utført, blir det buss for tog berre mellom Ringebu og Fåvang, og ikkje mellom Lillehammer og Dombås som i dag.

I fylgje SJ Norge vil det da bli lagt opp til ei løysing med skyttelbussar som på flyplassar, med kunderettleiarar på plass både på Ringebu og Fåvang. Mykje logistikk må på plass for SJ Norge, som da må ha tog og reservetog på plass båe stader.

Konsernsjefen i Bane NOR håpar arbeidet med å setja i stand att Randklev bru vil gå fort og mest mogleg smertefritt, uansett kva løysing det blir.

– Målet er klart; å raskast mogleg få på plass ei ny jernbanebru, slik at person- og godstransporten kan takast oppatt og skadeverknadene for samfunnet blir minimalt, seier Henning Bråtebæk.