Nyheiter →
Jernbanebru kollapsa - buss for tog på Dovrebanen i lang tid framover
Frå og med tysdag morgon køyrer SJ Norge tog mellom Oslo S og Lillehammer. Mellom Lillehammer og Trondheim S blir det køyrd buss for tog. Bane NOR opplyser at det vil ta lang tid før heile Dovrebanen er i normal drift att etter ekstremvêret «Hans». Måndag kollapsa dessutan jernbanebrua i Ringebu.