Avisa Dølen har fått stadfesta frå Ringebu kommune at kvinna var frå kommunen i Midt-dalen.

– Kripos har bistått spansk politi i arbeidet med å identifisere den norske kvinna som er funnen død i Torremolinos, skriv senior kommunikasjonsrådgjevar i Kripos, Axel Wilhelm Due, i ein e-post til Dølen.

Kripos har fått bekrefta identiteten til kvinna frå spansk politi.

– Dei pårørande vart orientert måndag kveld, skriv Due.

Gjennom politiets pårørandekontakt ber dei pårørande om ro.