I følgje opplysningar Dølen har, skal den unge kvinna vera frå Gudbrandsdalen.

Dødsfallet bir etterforska av lokalt politi i Spania, og norsk politi bistår med å identifisere jenta og samarbeider med spansk politi rundt dei tema som politiet i Spania etterspør.

Det var NRK som fyrst omtala hendinga.

Jenta skal vera funnen i den spanske byen Torremolinos.

Vart funnen av ungdomar

Kripos opplyser til NRK at pårørande er varsla av lokalt politidistrikt.

Etter opplysningar Dølen har, er den unge kvinna tilhøyrande i Gudbrandsdalen, men ho har budd i Spania den siste tida. Kvinna skal derimot ikkje formelt ha vorte identifisert med fingeravtrykk enda.

I følgje NRK skal spansk politi ha gjort undersøkingar i kvinnas leilegheit førre veke. Dei skal også ha banka på dører i nabolaget der ho vart funnen, og dei skal ha vist fram ein Facebook-profil tilhøyrande eiu norsk kvinne.

Kripos bistår i saka, opplyser kommunikasjonsrådgiver Axel Wilhelm Due til NRK laurdag kveld.

– Kripos har rutinemessig bistått som internasjonalt kontaktpunkt med informasjon til dei pårørande via politidistriktet der ho høyrer heime, sa Due.

Ifølge avisen El Pais skal ho ha vorte funnen av ei gruppe ungdomar etter midnatt natt til torsdag. Ho hadde med seg ei veske som var tom og utan identifikasjonspapir. Ingen er per nå pågripe for dødsfallet.

UD skriv i ei pressemelding at ambassaden i Madrid gjev konsulær bistand til dei pårørande.

Mistenkeleg dødsfall

Dølen har kontakta Kripos måndag formiddag.

– Det er politiet i Malaga som etterforsker dødsfallet. Kripos er er i dialog med dei, blant anna om identifisering av kvinna som er funnen. Vi veiut det er ei ung norsk kvinne, men id-en er ikkje formelt kjent. Innlandet politidistrikt har informert pårørande, seier kommunikasjonsrådgjevar Axel Wilhelm Due til Dølen.

Dødsfallet blir karakterisert som mistenkeleg.

– Kripos er disponible for spansk politi, men det er ikkje snakk om å sende norsk politi nedover nå, seier Due.