I iskanten, nordaust i Jotunheimen, vart det tidlegare i veka gjort funn av ei pil som kan vera 3.300 år gamal - frå tidleg bronsealder.

Både pil og pilskaft var inntakt og i fylgje secretsoftheice.com heilt intakt.

– Det var som om pila vart mista i fjor, skriv dei.

Det som førebels gjer at dei meiner pila er så gamal, er spissen som er laga av ferskvassmusling. Bruken av skjell til pilspiss tok slutt for rundt 3.300 år sidan, og vart elles brukt berre ein stutt periode. Nøyare undersøkingar skal gjerast i laboratorium.

Det har vore gjort fleire funn i haust, mellom anna ein kniv og hesteutstyr.

Brearkeologane er i ferd med å avslutte leitesesongen, som altså foregår på seinsommaren/tidleg haust, da det er da brear og fonner er på sitt minste.

Treet på skaftet er like heilt, etter kanskje fleire tusen år under snå og is. Foto: Secrets of the ice