Reidar fann tufter av tusen år gamal vikinggrend ved Netoseter i Lom

foto
I 2011 gjekk Reidar Marstein frå Skjåk og over Lendbreen og ned mot Netoseter. I terrenget ovafor dagens setrer, fann Marstein spor etter fleire tufter. I fjor vart det registrert 21 tufter i området. – Med jordbor klarte vi å lokalisere eldstadane i husa. Der fann vi tjukke kol-lag, seier arkeolog Espen Finstad i Innlandet fylkeskommune. Prøver av kol viser at dateringa av tuftene er frå perioden 700-talet til litt ut på 1100-talet. Frå vikingtida. Foto: Arve Danielsen