TINEs konsernstyre skulle etter planen behandle anleggsstrukturen onsdag 27. september, men berre timar før styremøtet, kunne konsernet melde om at dei hadde bestemt seg for å utsetja behandlinga til onsdag 18. oktober.

Bakgrunnen for dette var at det skulle gjennomførast ei intern innspelsrunde blant lokale tillitsvalte i TINE.

– Det er eit gjennomarbeidd underlag som skal til behandling i konsernstyret. Samtidig har vi tradisjon for å jobbe grundig i slike saker, i tett samspel med tillitsvalte. Etter deira ynskje går vi difor i gang med intern innspelsrunde, før sakene skal opp i TINEs konsernstyre 18. oktober, sa konsernsjef Gunnar Hovland i ei pressemelding.

TINE har arbeidd med å sjå på ulike alternativ til struktur for tapping av mjølk og distribusjon i Sør-Noreg - og vurdert framtidig produksjonsstruktur for brunost, som i dag skjer ved Lom og Skjåk, Byrkjelo og Storsteinnes.

I dag, onsdag, skal altså saka til behandling. TINE har varsla om at styrets endelege vedtak vil bli offentleggjort torsdag klokka 10.