Han er glad for at Meterologisk Institutt i går kveld fekk rett med at véret roa seg ned for natta. Ifølgje ordføraren kunne dei ei stund sjå at både Finna og Nugga var på tur ned att. Men Finna har berre sidan morgontimane nesten dobla seg att til 190 kubikk vassføring.

– Vi ser at elvene reagerer kraftig på regnet. Så det er nedbørsmengda vi er mest spente på framover, seier Bjørndal.

I dag har dei hyra inn Innlandet Droneberedskap for å filme Nugga og andre bekker som kan vera av interesse å følgje, opplyser ordføraren.

Vågå kommune vil få nye værprognoser kl.16.00 i dag. Det er planlagt beredskapsmøter i samband med det, samt eit kl.13.00.