Finna sett frå Vågåmo. Foto: Ola Ø. Rossehaug

Det skal til ei radikal endring av situasjonsbildet om det skal bli evakuering. I tillegg til prognosar frå Statsforvaltaren, har Vågå kommune vore i dialog med Meterologisk institutt. Prognosa er at det ser lovande ut fram til kl 06.00 i morgon tidleg.

Dette betyr ikkje at fara er over: Det er spådd mykje meir nedbør. Det vil bli køyrt patruljer gjennom heile natta for å vurdera situasjonen.