Teknisk sjef Pål Inge Sanden, kommunedirektør Odd Erik Sveen og ordførar Harald Sve Bjørndal. Foto: Kari Margot Odnes

– Området du bur i er utsett for flaum dersom vêrprognosene slår til.

Slik opna innkallinga som omtrentleg 200 husstandar fekk på SMS i dag. Det er knytt spaning til om det skal evakuerast eller ikkje i eit utsett område mellom Nugga og Finna i Vågåmo. Det var mange som møtte opp på informasjonsmøtet, og spørsmåla var naturlegvis mange frå salen. Det vart og sett pris på at det vart innkalla til informasjonsmøte.

Førebudde på evakuering

– Det ser ut til å gå i positiv retning, men vi planlegg for evakuering, seier kommunedirektør Odd Erik Sveen.

Han seier vidare at dei håpar å unngå å evaukere om natta. Og er difor spente på dei neste prognosane. Det vil bli eit evakueringsenter på Lalm samfunnshus. Dit kan folk koma å overnatte om dei ikkje har andre alternativ. Det er plassert ut sikkerheitsradio på Vågåheimen, Randsverk kafé og Lalm samfunnshus.

Godt oppmøte på informasjonsmøte. Foto: Kari Margot Odnes

Om det blir evakuering skal Vågå kommune ta stilling til kl 20.00, når nye prognoser kjem frå Statsforvaltaren, opplyser kommunedirektør Odd Erik Sveen til Fjuken.