Det er nå raudt farevarsel for jord- og flaumskred i alle kommunane i Gudbrandsdalen, etter at både Skjåk og Lesja også vart lagt inn i dei raude farevarsla måndag føremiddag.

Kraftig nedbør kan føre til omfattande konsekvensar og skader.

– Vi har lagt inn kommunane Skjåk og Lesja til det raude varselet, seier Ann-Live Øye Leine, flaumvakt i NVE.

Små elvar og bekkar er venta å nå raudt nivå fyrst, og større elvar og innsjøar noko seinare.

– Det er svært viktig nå å sikre og flytte bort verdiar frå flaumutsette område, seier Leine.