Vågå kommune har fått beskjed frå Innlandstrafikk om at det vil bli endringar i skuleskyssen i Sjårdalen ein periode framover frå måndag 16. oktober.

Grunnen er arbeidet med Sjårdalsvegen, som vart øydelagd under ekstremvêret i august.

Vinteren nærmar seg og det er framleis fleire veker til Sjårdalsvegen er køyrbar att. I fylgje Statens vegvesen er berekna opning torsdag 30. november.

– Kveomsvegen er ikkje eigna som omkøyringsveg for buss når snøen kjem. Difor legg vi om skuleskyssen frå fyrstkomande måndag 16. oktober. Vi går attende til skyssopplegget som vi hadde ein periode etter uvêret «Hans». Skulebussen vil gå cirka 30 minutt tidlegare om morgonen. Alle haldeplassar blir betjent, bortsett frå Kveomsvegen. Bussen snur ved Kleppe, heiter det i meldinga frå Innlandstrafikk.