For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå i manntalet.

Du kan undersøkje om du står i manntalet i kommunen der du bur, når manntalet er lagt ut til ettersyn.

Ta kontakt med kommunen der du bur for å vera sikker

Dersom du har flytta til ein annan kommune og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan 30. juni, står du framleis i manntalet i kommunen du flytta frå. Da kan du anten røyste på førehand eller du kan røyste på valdagen i kommunen der du står i manntalet.

Dersom du får valkort står du i manntalet. På valkortet står det i kva kommune du er manntalsført, og kva krets du høyrer til, og opningstider i kretsen. Dersom du ikkje har fått valkort innan 10. august bør du ta kontakt med kommunen for å sjekke at du står i manntalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det gjerne med deg når du skal røyste.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage.