I haust er det kommune- og fylkestingsval. Valdagen er måndag 11. september. I fleire kommunar er det også mogleg å røyste sundag 10. september. Desse dagane må du røyste i kommunen du er folkeregistrert som busett i den 30. juni.

Torsdag 10. august startar førehandsrøystinga. Denne varer fram til 8. september. I fylgje Valgdirektoratet kan førehandsrøystinga gjerast i kva for kommune som helst.

Dersom du ikkje har høve til å røyste korkje på sjølve valdagen eller i førehandsrøystingsperioden, kan du allereie nå tidlegrøyste til haustens kommune- og fylkestingval.

Frå 3. juli til 9. august kan du tidlegrøyste i kva for kommune som helst. Nokre kommunar tilbyr tidlegrøysting i kommunens opningstid, medan andre krev at ein avtaler tidspunkt. Ta difor kontakt med den aktuelle kommunen om du ynskjer å tidlegrøyste, for meir informasjon.