Politioverbetjent Roger Haugen ved lensmannskontoret i Lom fortel at ein bil med to personar køyrde av fylkesveg 55 ved Jotunheimen Fjellstue/Bøverkinnhalsen.

– Bilen gjekk rundt fleire gonger. Det var to personar i bilen, desse kom fysisk uskadde frå ulykka, men var i sjokk, seier Haugen.

Same dag var det ei alvorleg bilulykke i Måsåbakkane på riksveg 15, vest for Nysetra i Skjåk. Tre personar vart skadd.

Haugen fortel at det i samband med snøføret som kom fredag, i alt var seks bilar med materielle skadar - inkludert dei to i den alvorlege ulykka.

Også ved Lalm var det ei bilulykke fredag:

– Folk har plikt til både å sko bilen rett og tilpasse farten etter forholda, understrekar politioverbetjenten.