Mannen er utanlandsk. Han var saman med kollegaer da han falt uti.

Stabsjef Pål Erik Teigen fortel at politi og friviljuge redningsmannskap har søkt etter mannen i natt, og at det var dronepilot frå Innlandet droneberedskap som fann mannen.

– Mannen vart funne på Pollvatnet klokka 08.21 i dag tidleg, om lag 900 meter nedanfor der han sist vart sett, seier Teigen.

Mange har vore i aksjon i natt for å søkje etter mannen.

– Det har vore tilfredsstillande med hjelpemannskap både frå offentlege og friviljuge. Vi er nøgde med at det har vore eit godt søk. Mange har stilt opp. Det er utfordrande å søkje i slike fossestryk. Fallhøgda i Pollfossen er på 81 meter over cirka 500 meter, så det er utfordrande å drive der, seier stabsjefen til Fjuken.

Den døde mannen vil bli obdusert.

– Vi ser på dette som ei tragisk ulykke, og det er ingenting mistenkeleg med hendinga. Nå har vi avslutta søket og vil varsle pårørande og fylgje opp dei som var vitne til hendinga, seier Pål Erik Teigen.