Politiet fekk klokka 23.24 onsdag kveld melding om ein utanlandsk mann i 30-åra som hadde falt i elva ved Pollfoss i Skjåk.

– Personen skal ha falt ut i Pollfossen, og det er iverksett redningsaksjon med naudsynt styrke. Alt av tilgjengelege ressursar er på tur til staden nå. Politiet sin innsatsleiar kjem frå Dombås, men ein del redningsressursar er på tur, og nokre er kanskje allereie framme på staden, opplyser operasjonsleiar Kristian Bjaanes i Innlandet politidistrikt til Fjuken ved midnatt.

Ein halvtime seinare opplyser operasjonssentralen at naudetatar, luftambulanse og friviljuge er i innsats og at det pågår søk. Det er stor vassføring i elva.

Rett før klokka 01 fortel operasjonsleiar Kristian Bjaanes til Fjuken at det er krevjande forhold på staden.

– Det er utruleg stor vassføring og mørkt. Det er heller ikkje det beste vêret å drive i, så det er ein krevjande leiteaksjon. Det er mykje folk i innsats i området, men vi har så langt ikkje funne den sakna mannen, seier operasjonsleiaren.

Han fortel at Skjåk kommune har etablert kriseteam på Pollfoss hotell for å ivareta dei personane som var saman med mannen og var vitne til hendinga.